Livsstyrketreningskurs å meistre livet og jobben Helse Førde Lærings og meistringssenteret avdeling Florø
Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde arrangerer Livsstyrketrening der målet er betre helse, auka livsmot og meistring.
Kvar samling innheld tema som er relevant for forholdet mellom arbeidsliv og det å leve med ein utfordrande livssituasjon og/eller kronisk sjukdom. Målgruppe: Tilbodet er spesielt for deg som er heilt eller delvis sjukemeld eller står i fare for å bli det.
Målgruppa er menneske med samasette plagar knytt til muskel- og skjelettlidingar, stressreaksjonar, utbrenning og lettare depresjonar. Programmet går over 10 samlingar med eit obligatorisk informasjonsmøte på førehand. Vi arrangerer 4 kurs i året og du treng tilvising frå lege for å delta.
For meir informasjon om kurset kan du kontakte: Lærings- og meistringssenteret, Nina eller Camilla: 57 75 10 01 / 41 53 05 49.
For å lese mer, klikk på knappen nedenfor.